Seksualitet er ei heilag gåve

Ei av dei første gongene eg fekk skildra seksualitet som noko godt og sunt i ein kristen samanheng, var gjennom å lese Skeiv nåde av Hilde Raastad. I andaktsboka formidlar Raastad om korleis Guds kraft blømer i oss og skapar lyst, erotiske kjensler og kjærleik til dei rundt oss. Som metodist og skeiv gir orda mykje gjenklang.  

Spor av seksualitet finn me nemleg mykje av i Bibelen, både i den utøvde lysta og gjennom historier om emosjonell intimitet mellom dei mange menneska i Bibelen. Men då eg vaks opp, blei skeiv seksualitet anten ein skam eller vonde å motarbeida. Og seksualitet var generelt noko ein helst ikkje prata om, fordi det var privat. Difor var det ein augneopnar for meg å som 30-åring høyre alt det vakre seksualiteten vår kan vere bli skildra i ein kristen kontekst. 

I dag er min og Metodistkyrkjas syn på seksualitet ganske lik. Den internasjonale metodistkyrkja (UMC) definerer seksualitet (pdf- United methodist social principles, 2024) som er ei heilag gåve som gir emosjonell, spirituell og fysisk velvære. Kyrkja fremjar også at seksualitet kan uttrykkast på eit mangfald av måtar, tilpassa livsfasar og kven me er.  

Eg syns det er fint å snakke om seksualitet som ei heilag gåve. Fordi det er noko heilt eige, det å kle av oss framfor nokon. Me viser oss sjølv på ein unik måte og er sårbare. Samtidig gir me også rom for å kjenne på alle kjensler; frå eit ømt stryk av ei hand, til råe fysiske rørsler og forløysande utspring. Dersom Guds bodskap er at me skal elska kvarandre, korleis skal me kunne gjera det utan å opne oss heilt – slik det å uttrykke seksualiteten vår gir rom for? Det rommet me skapar mellom folk som deler all denne sårbarheita, lysta og dei mange andre kjenslene, det er eit unikt rom for heilaggjering. 

Så sjølv om Metodistkyrkjas syn på seksualitet i dag gir stort rom for kva denne heilagheita skal vere, har det ikkje alltid vore slik. Fram til 2024 har kyrkja derimot definert seksualitet som noko som berre skal kome til uttrykk innanfor eit monogamt, heteroseksuelt ekteskap. Ikkje berre opprettheld ein slik definisjon av seksualitet at alle våre seksuelle kjensler gjennom livet blir tabu – det gjer også at min skeive seksualitet får eit eige lag av skam fordi den “ikkje er god nok”, og fordi den er syndig. 

Difor er eg glad for at kyrkja mi endeleg forstår det så mange av oss har forstått for lenge sidan: å dyrke seksualitet mellom samtykkekompetente vaksne er heilag. Det gir dette eigne rommet for oss å uttrykke oss, kjenne etter på kjenslene våre, utforske dei mange sansane i kroppen, vere kreative og utfalda oss.  

Eg hugsar endå første gong eg felte tårer under sex: endeleg hadde eg klart å skape dette heilage rommet der eg følte meg fri i møte med eit anna menneske. Opplevinga gjorde meg heilt rørt, og nokre tårer av glede dansa ned kinna mine. Då kjente eg meg heilag, som om Guds armar haldt meg trygt. Kven eg er med, kva me gjer, og kvifor me gjer det er mindre viktig. Det er kjærleiken i dette trygge rommet som gjer seksualitetens gåve så livgivande og heilag for oss menneske. 

 

Skrevet av Sunniva Marie Hustoft.

Powered by Cornerstone