Han bur i Knarvik nord for Bergen og jobbar som prest i Gulen i Den norske kyrkja - og pendlar dit, der han bur i pendlarbustad i periodar.
Han er ein kristen mann som har brukt store delar av livet på å prøve å få tru, identitet og liv til å henge saman. For nokon år sidan kom han ut som homofil, etter ei lang indre reise prega av kamp, sorg - og etter kvart ei stor lettnad.
Å leve meir sant fekk konsekvensar. Skilsmissa som følgde var smertefull for fleire involverte, men samstundes nødvendig. - Det var ein pris å betale, men også ein veg mot større ærlegdom, både overfor meg sjølv, andre og Gud.
I dag er livet annleis. - Eg har funne kjærleiken på nytt, og er no gift med Daniel. Ekteskapet vårt har lært meg mykje om sårbarheit, nåde og om at livet kan opne seg igjen, også etter brot og tap.
Ei tru i bevegelse
Trusbakgrunnen hans er samansett. Han har vakse opp med både kyrkje og bedehus, vore aktiv i frimenigheiter og ulike kristne miljø. – Eg har kjent både tilhøyrsle og utanforskap i desse romma. I dag kjenner eg meg mest heime i Den norske kyrkja, der eg opplever større rom for mangfald, samtale og eit språk om tru som rommar heile mennesket.
Også trua har endra seg over tid. - Ho har gått frå å vere prega av ferdige svar til å bli meir prega av tillit og undring. Eg har fått eit sterkare bilete av ein Jesus som går saman med oss i det som er vanskeleg - ikkje berre når livet er ryddig og på plass.
Kvifor SKN?
Engasjementet i Skeivt kristent nettverk kjem ikkje tilfeldig. - Eg ønskjer å bidra til at fleire skeive kristne kan kjenne seg heime i trua si og i fellesskap med andre. For mange har SKN vore ein stad å lande etter å ha kjent seg åleine lenge. Som leiar i SKN Bergen ønskjer han å vere med og styrkje nettverket som trygg møteplass, både sosialt, politisk og andeleg.
Openheit, respekt og mot
I leiarskapet sitt vil han særleg løfte fram tre verdiar: openheit, respekt og mot. - Openheit, fordi eg kjem frå ulike kristne landskap og veit kor ulikt tru kan sjå ut utan å vere mindre ekte. Respekt, fordi livshistorier ofte sit djupt i menneske, og krev varsame møte utan raske dommar.
Motet meiner han er heilt nødvendig. - Kyrkja og kristne fellesskap treng røyster som tør å stå opp for menneskeverd og verdigheit, også når det utfordrar vane, teologi og eigne miljø. For meg handlar leiarskap om å skape rom der heile mennesket får plass - både trua, tvilen, kroppen, kjærleiken og historia vi ber med oss.
Ein stad å puste
Han er tydeleg på at mange skeive kristne framleis ber på sår. - Det er ei stor utfordring at mange har mista tillit både til kyrkja og til trua etter vonde erfaringar. Samstundes ligg det ei stor moglegheit i at SKN kan vere ein stad der ein både kan høyre til og få puste.
Han ser nettverket som ei bru. Mellom skeive og kyrkja, mellom erfaring og teologi, og mellom behovet for tryggleik og lengten etter meining. Ei tydeleg stemme som seier at tru og skeivt liv ikkje treng å stå i motsetning til kvarandre.
Det som ber
Inspirasjonen hans kjem frå mange hald. Bibelen står sentralt, særleg tekstane om kall, nåde og menneskeverd. Ei kallsoppleving frå han var 16 år har prega både trua og yrkesvalet, og ei sterk åndeleg erfaring fekk han på ein konsert med Sigur Rós i København i 2022. Der kjende eg meg for første gong på lenge djupt elska av Gud som den eg er.
Teologisk har boka Det trofaste samliv av Terje Hegertrun vore viktig, og han hentar mykje inspirasjon frå forfattarar som Magnus Malm og Peter Halldorf. I tillegg har møte med andre skeive kristne vore heilt avgjerande. Det å sjå at eg ikkje er åleine, og at tru kan sjå ut på mange måtar, har betydd enormt mykje.
Og når alt kjem til alt, er rådet til unge skeive kristne både enkelt og alvorleg meint: Ta deg sjølv på alvor. Du treng ikkje velje mellom trua di og kven du er. Det finst fellesskap der begge delar kan få plass. Du er ikkje åleine, og livet ditt har verdi slik det er.
