I Kristi himmelfartshelga reiste eg til Turku i Finland for å delta på konferansen til European Forum for LGBT Christians – ei samling for skeive kristne frå heile Europa. Me var heile 10 SKN-arar som deltok på konferansen, inkludert både eit par “førstereisande” og nokre som har vore på EF-konferansar i fleire tiår. Neste år er det Skeivt Kristent Nettverk som skal vere vertskap for EF-konferansen. Den finn stad i Bergen i kristi himmelfart-helga 2026. Difor vil eg gi deg ein smakebit på kva du kan oppleve om du tek turen.
Konferansen fann stad på hotellet Linnasmäki, eit stille og grønt område berre nokre kilometer frå sentrum av Turku. Temaet for årets samling var Open Doors – Wide Windows, og det kjennest som ei god skildring av det me opplevde: opne rom for samtale, deling og feiring – og vindauge mot nye perspektiv og håp.
Frå onsdag til søndag var me samla til gudstenester, seminar, samtalegrupper og måltid. Onsdag og torsdag blei brukt på ulike gruppesesjonar, kalla “conference kick-offs”. Kvart år er det ulike tema ein kan velje mellom. Eg valde temaet “Living alone”, kor me drøfta korleis det er å bu åleine – anten friviljug eller medan me søker livspartnar – og kva fordelar og ulemper, kjensler og erfaringar me har. Me fekk mange gode samtalar som eg tek med meg tilbake til min kvardag.
Resten av helga kunne me delta på ulike workshops om alt frå politisk påverknad til innføring i aro/ace-spekteret, høyre på panelsamtalar om livet som trans i kyrkja, og høyre innlegg om arbeidet for inkludering av skeive i den ortodokse kyrkja. Ikkje minst fekk me god tid til å vere sosiale, (for dei som ville) delta i felles bøn og synge karaoke. Min favoritt var likevel å skravle ilag i badstova om kvelden.
Gudstenestena på søndagen var kanskje det mest rørande. Å stå saman og syngja, be og ta nattverd – med regnbogeflagg ved altaret og ei enorm kjærleik i rommet – det var sterkt. Eg kjende ei djup ro og ei påminning om at trua vår ikkje treng å vera i konflikt med kven me er. Tvert imot, det finst stort rom for oss å vere både skeive og kristne.
Eg møtte folk frå over 20 land – alle med ulike bakgrunnar, kyrkjetilhøyre og livshistorier, og med eit felles ynskje om å leva heilskapleg som både truande og skeiv. Nokre kom frå land der det å vera open om legning og tru er risikabelt, og det gjorde inntrykk å høyra deira historier. Nokre har hatt lange reiser i eiga tru og sin skeive identitet, medan andre nyleg har funne heim i sin skeive identitet. Dei fleste av oss har noko tilknyting til kristendomen – men det var også mange som mest av alt har EF-konferansen som sitt fellesskap. Konferansen er ein trygg plass kor me kan tru og vere skeive, men også tvile og samtidig finne tryggleik saman.
Eg reiste heim med eit fullt hjarte. Fullt av historier, nye vener, og ei fornya tru på at kyrkja kan vera ei inkluderande og kjærleg kraft – om me vågar å opna dørene og vindauga. Nå gler eg meg enormt til neste års konferanse i Bergen. Det trur eg blir ei helg fylt med tru, tvil, varme og fellesskap. Sest me der?
Sunniva (ho/dei)
